Saunaritual med Annette Paulen
Ei sanseleg oppleving med varme, duft og ro – midt i naturen på Jølstraholmen.
Bli med Annette Paulen på eit stemningsfullt Aufguss-ritual i Elvasaunaen vår. Gjennom varme, eteriske oljer, damp og rolege rørsler blir du invitert til å senke skuldrene, sleppe taket i kvardagen og finne ro i kroppen.
Under ritualet blir iskuler med eteriske oljer lagde på dei varme badstusteinane. Dampen og dei gode duftene blir spreidde gjennom badstua med handkle eller vifte, og skaper ei heilt spesiell sanseoppleving.
Du får oppleve to ulike ritual, kvar på 10–12 minutt, med tema inspirerte av årstidene og naturen. Mellom rituala er det tid til å kjøle seg ned, kvile og ta eit forfriskande bad i elva for dei som ønskjer det.
Dette er ei oppleving for deg som ønskjer ro, nærvær og velvære – og ei litt annleis stund i badstua.
Tidspunkt
18.00–18.30: Oppmøte, ferdig skifta
18.30: Første saunaritual startar utanfor badstua
19.00: Andre saunaritual
20.00: Badstua stengjer
Praktisk informasjon
Møt ferdig skifta mellom kl. 18.00 og 18.30.
Ta med badetøy, to handkle (eitt til å sitje på og gjerne eitt til å ha rundt kroppen) og drikkeflaske.
Annette anbefaler gjerne eit handkle rundt kroppen under ritualet, då syntetiske materiale i badetøy kan hindre huda i å puste.
Drikk gjerne godt med vatn før du kjem.
Det er tilgang til dusj og toalett.
Ritualet startar presis kl. 18.30.
Velkomen til ei stund med omsorg, nærvær og velvære ved elva på Jølstraholmen.