Sauna drop-in
Kva med ein deilig varm sauna etter ein litt våt og kald fisketur, ein lang fjelltur/topptur, eller berre nyte uansett kva. Saunaen vår ligger fint til på elvakanten med utsikt over elva Jølstra og rett ved vårt lille naturbasseng, med mulighet for å ta seg ein dukkert. Booking online minimum 2 timer før, eller ein kan ringe og booke inntil 1 time før.
Bookar ein DROP-IN betyr det at ein kan måtte dele saunaen med andre ein ikkje kjenner, ønsker ein å være der aleine må ein booke privat/gruppe time(se produktet under). Saunaen ligg inne på plassen vår, rett bak sanitæranlegget like ved naturbassenget, heilt på elvakanten. Saunaen kan ta inntil 6 personar. Åpent heile året, for alle, både gjester på plassen, gjester hos andre eller lokale.
- Åpen kvar dag heile året, mellom kl.08.00-22.00 og kan bookast av alle over 16 år.
- Vil du absolutt vere åleine i saunaen, må du bestille som ei gruppe.
- Ein må booke sauna minimum 2 timar før ein ønsker å bruke den.
- Det er eit lite skifterom i saunaen.
- Ønsker en tilgang til sanitæranlegget med dusj koster dette 50kr ekstra.
- Ein har saunaen i 1 time, møt opp litt før, ferdig påkledd med badekle.
- Hugs å gå ut av saunaen i rett tid, nye personer kjem kanskje
- Barn under 16år kan ikkje ta sauna aleine, må være i følge med ein vaksen.
- Kvist og blad, eigne bøtter med vatn, er ikkje tillatt å bruke inne i saunaen.
- Ønsker ein å kjøle seg ned må ein gå ut og ta seg ein dukkert.
Saunaen er ikkje betjent av eige personal heile tida, men er overvåka utanfrå.
- Blir det oppdaga misleghald på reglar eller manglande betaling for ekstra personar, blir det krevd inn ekstra gebyr på kr 500,- og ved gjentakande misleghald, føre til utestengelse.
- All bading og bruk av sauna skjer på eige ansvar.
- Bruk alltid handkle på benk. Ha gjerne med 2 handklede.
- Ta med vatn for å unngå dehydrering.
- Det kan nytast alkohol, men kun ved gruppebestilling. Ikkje på drop-in!
- Berusa folk blir vist vekk.
- Avbestilling: Avbestilling 8 timar før ankomstdag, får du refundert 50 % av beløpet. Etter 8 timar, ingen refusjon.
- Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører saunaen ved bruk.