Karaoke og musikkquiz på Jølstraholmen
Samle vennegjengen, familien eller kollegaene til halvannan time med musikk, latter og god stemning! Her kan de sleppe laus songstemmene, utfordre kvarandre i musikkquiz – eller kombinere begge delar.
Syng solo eller del mikrofonane i ein duett
Med trådlause mikrofonar og eigen tekstskjerm for dei som syng, ligg alt til rette for små og store stjerneaugneblink. Legg favorittlåtane i kø frå eigen telefon, og hei på kvarandre med bilete og morosame reaksjonar på storskjermen.
Meir glad i å gjette enn å synge?
Vel mellom ferdiglaga musikkquizar med ei rekkje ulike tema. Spørsmåla kjem på storskjermen, og alle svarar frå sin eigen telefon. De kan konkurrere i lag eller individuelt – her kan alle vere med, uansett songstemme!
Praktisk informasjon
Pris: kr 790 totalt for gruppa
Varigheit: 1,5 time
Deltakarar: Maks 25 personar
Tidspunkt: kl. 16.00–17.30, 18.00–19.30, 20.00–21.30 eller 22.00–23.30. Bestillinga gjeld tidspunktet som står i produktnamnet.
Drikke: Kan kjøpast i baren. Det er ikkje tillate å nyte medbrakt drikke.
Ta med godt selskap og mobilen – vi stiller med resten.