FJONG – Bobler, High Tea & Shopping
**Ein kveld for damer, av damer!**
Fredag 27. november inviterer vi til ein herleg førjulskveld på Jølstraholmen Landskapshotell, fylt med bobler, High Tea, mote, shopping og god stemning!
Ta med deg veninnegjengen, mamma, naboen eller kollegaene og nyt ein kveld med inspirasjon, latter, gode smakar og litt ekstra kvardagsluksus.
**BOBLER & HIGH TEA**
Vi pyntar opp med herskapeleg dekte bord og serverer bobler i glaset, med eller utan alkohol.
Leonards Forlaavelse med Tone byr på nydeleg High Tea-servering med spennande smakar og delikatesser, medan Bakt av Natalie sørgjer for dei søte freistingane.
**MOTE & INSPIRASJON**
Livslyst frå Sogndal tek med seg flotte antrekk og inviterer til moteshow midt i restauranten!
Kanskje finn du inspirasjon til årets julebordantrekk, eller noko fint du berre må unne deg?
**SHOPPING & FØRJULSGLEDE**
Vi samlar eit herleg knippe spennande og kreative aktørar som tek med seg mykje fint:
- Gunvor Røkholt – flotte skattar og gåveidéar
- Leonards Forlaavelse – ostar og delikatesser
- Livslyst – mote og fine antrekk
- Eventyr Sjokolade – eventyrboksar og julekalendrar
- Gulen Gartneri – vakre julekransar
- Atelier Haldis – kunst og bilete
- RÅ Skincare – hudpleie
- Palais des Thés – te og små kvardagsgleder
- Grimsbø Gard – flotte produkt frå garden
- Solbringen – klede, skreddarsaum og atelier
Her kan du oppdage alt frå smykke, kjolar og tekstilar til interiør, julepynt, lokalmat, kunst og unike julegåver.
Og kanskje dukkar det opp endå fleire spennande overraskingar!
**GOODIEBAGS TIL ALLE!**
Sjølvsagt skal du få med deg litt ekstra heim frå ein slik kveld. Alle deltakarane får ein goodiebag med små overraskingar.
**PRAKTISK INFORMASJON**
Dato: Fredag 27. november 2026
Tid: Kl. 18.00–23.45
Stad: Jølstraholmen Landskapshotell, Vassenden
Pris: Kr 550 per person
Billetten inkluderer High Tea-servering, søte freistingar, velkomstbobler (med eller utan alkohol), moteshow, tilgang til shoppingområdet og goodiebag. Eventuelle kjøp frå utstillarane og ekstra drikke kjem i tillegg.
**Samle damene og bli med på ein kveld fylt med gode opplevingar, inspirasjon og herleg førjulsstemning!**