Kvinnehelseretreat – Tai Chi, Qigong m.m. – Jølstraholmen Landskapshotel
Se alle kategorier
Totalpris:0 NOK
Om
Kvinnehelseretreat – Tai Chi, Qigong m.m.
**KVINNEHELSERETREAT I VAKRE JØLSTER**
19.–21. februar 2027
**Ei heil helg for deg som lengtar etter meir ro, balanse og overskot i eigen kropp.**
Unn deg ei helg der du kan legge kvardagens krav til side og setje deg sjølv i sentrum. På Jølstraholmen Landskapshotell inviterer vi til eit kvinnehelseretreat fylt med rolege rørsler, naturopplevingar, gode måltid, velvære og inspirerande fellesskap.
Gjennom tai chi, qigong, meditasjon og avspenning får du utforske nærvær og kroppsmedvit. Du får også kunnskap om kvinnehelse, hormon, kosthald og søvn, og inspirasjon til små grep som kan gi meir balanse i kvardagen.
Her er det rom for å puste ut, senke skuldrene og berre vere deg sjølv.
**DETTE KAN DU GLEDE DEG TIL**
- Tai chi og qigong – mjuke, rolege rørsler for kropp og sinn
- Kunnskap om kvinnehelse, hormon, kosthald og søvn
- Meditasjon, avspenning og øvingar for nervesystemet
- Naturopplevingar og meditasjon ute i vakre Jølster
- Badstuerituale med moglegheit for isbad
- Lydbad, refleksjon og fellesskap med andre kvinner
- Gode måltid og to overnattingar på Jølstraholmen
**PROGRAM FOR HELGA**
**FREDAG 19. FEBRUAR – LANDE OG FINNE RO**
16.00 – Innsjekk på hyttene
17.30 – Velkomst med kaffi, te og frukt
18.00 – Velkomstsamling rundt bålet med introduksjon, jording og øvingar for vagusnerven
19.30 – Felles middag
**LAURDAG 20. FEBRUAR – PÅFYLL FOR KROPP OG SINN**
09.30 – Morgonsamling med kaffi, te og frukt
10.00–12.00 – Tai chi og qigong, med undervisning om kosthald, helse og hormon
12.00 – Pause med smoothie og ein liten matbit
12.30 – Delingssirkel og meditasjon
13.00 – Felles lunsj
15.00 – Vagusøvingar, avspenning og søvn
17.00–19.00 – Badstuerituale med moglegheit for isbad
19.30 – Felles middag
**SØNDAG 21. FEBRUAR – STÅ STØDIG I EIGEN KROPP**
09.30 – Morgonstund med kaffi, te, frukt og mingling
10.00 – Tur i naturen med jording, meditasjon og tai chi
11.30–12.00 – Utsjekk frå hyttene
12.00 – Lydbad og avslutningssamling med refleksjon og eigenomsorg
13.30 – Felles lunsj og avslutning
**DETTE ER INKLUDERT I OPPHALDET**
- To overnattingar, inkludert sengetøy, handkle og utvask
- To felles middagar og to lunsjar
- Frukt, smoothie, kaffi, te og vatn som oppgitt i programmet
- Undervisning og alle fellesaktivitetar
- Tai chi, qigong, meditasjon og avspenning
- Badstuerituale med moglegheit for isbad
- Naturopplevingar, lydbad og avslutningssamling
**MØT INSTRUKTØRANE**
Annette Paulen er qigonginstruktør og ritualhaldar i badstu, med lang erfaring frå arbeid med læring, refleksjon og personleg utvikling.
Ragnhild Lekven Fimreite er autorisert klinisk ernæringsfysiolog med over 20 års erfaring, og utdanna lærar i tai chi og qigong.
Saman legg dei til rette for ei helg med både fagleg innsikt, gode opplevingar og rom for å finne ro i eigen kropp.
**PRAKTISK INFORMASJON**
Dato: 19.–21. februar 2027
Stad: Jølstraholmen Landskapshotell, Vassenden i Jølster
Innsjekk: Fredag frå kl. 16.00
Avslutning: Søndag kl. 13.30 med felles lunsj
Ingen tidlegare erfaring med tai chi eller qigong er nødvendig. Aktivitetane er rolege og tilrettelagde for å kunne delta ut frå eigne føresetnader.
**Ei heil helg der du kan prioritere deg sjølv, finne ny inspirasjon og reise heim med meir ro og påfyll.**