QIGONG med Anette 16 november
Velkomen til qigong med Annette på Jølstraholmen
Qigong er ein fleire tusen år gamal kinesisk helse- og selvutviklingspraksis som kombinerar rolige bevegelsar, pusteteknikkar og mental fokus for å styrke kroppens flyt av livsenergi.
Kroppen vår treng å sleppe tak i kvardagsstress og roe ned. I denne qigong timen får du moglegheit til dette. Gjennom sakte rørsler jobbar vi med å sleppe taket i stress, negative kjensler og ryggproblem.
Ryggproblem er ofte skapt av ein uheldig kroppshaldning. Vi sit gjerne mykje framfor datamaskina som fører til ei lut haldning, eller har vondt her og der som igjen fører til at vi belastar kroppen på ein uheldig måte.
Desse timane skal du få kontakt med kroppen din, løyse opp spenningar og kjenne kor lett livet kan kjennes når spenningar slepp taket.
Vi avsluttar kvar time med ein meditasjon. Ta med yogamatte og teppe om du vil ha ditt eige, om ikkje kan du låne.
Før jul blir det 3 slike kveldstimar,
Mandag 16 november, 1 desember, 14 desember, kl.18.00
kr 250 pr time