Rakfisklag, Jølster. 13 og14 November
I år blir det Rakfisklag i restaurant Kraftverket.
Vi har fått med oss Håkon, som er spesialist på blant anna tradisjonskost. Han har tidligere hatt opplegg her med oss, med både heilgrilla gris og smalahovelag.
I år prøver i oss på eit Rakfisklag.
Ta med gode kollegaer, vennegjengen eller din kjære og test årets rakfisk frå Finn Årdal.
Finn er 4 generasjon rakfiskmaker og har perfeksjonert kunsten å lage rakfisk etter ei hemmelig oppskrift som går i arv frå mor hans.
Vi vil servere rakfisk på forskjellige måtar gjennom fleire rettar, men den tradisjonelle måten med tradisjonelt tilbehør, vil sjølvsagt være ein stor del av det.
kr 890 pr person
ønsker ein overnatting også kan ein booke dette som eit tillegg til denne pakken frå kr 950 for dbl rom og kr 1500 for enkeltrom.