Pokerkveld Jølstraholmen
Vi køyrer pubpoker i restauranten, og ja – det er heilt gratis. I løpet av 2026 blir det 6 turneringar, så her er det berre å finne fram pokerfjeset (eller late som).
NB! HUSK Å OPPGI ALLE NAVN OM DU BESTILLER FOR ANDRE
Datoar du bør late som du hugsar utanåt:
27. februar
27. mars
15. mai
18. september
30. oktober
28. desember
Gratis deltaking – inntil 80 plassar tilgjengeleg .
Kva slags poker snakkar vi om? Freezeout Texas Hold’em. Alle startar likt. Når sjetongane er borte, er det slutt – men ikkje kvelden. Kven kan vere med? Alle over 18 år. Har du spelt litt før, eller berre sett mykje poker på TV? Det held lenge. Dealerane hjelper, og ingen ler (i alle fall ikkje høgt).
Når skjer det? – Oppmøte frå kl. 17:30 – Kort gjennomgang kl. 17:55 – Kort i lufta kl. 18:00 Ryk du ut tidleg? Slapp av. Då set vi i gang Sit’n Go-turneringar med premie – så du får ein sjanse til å ta revansj før kvelden er over.