I samarbeid med Smakslandet Sunnfjord vil vi invitere til ei smaksreise frå bre til fjord saman med kokk Kristoffer Hovland og nokre av bøndene våre. Ved bordet vil dei fortelje litt om drivkrafta og vilkåra for å levere reine, berekraftige råvarer frå eit landskap som vårt.
Kristoffer Hovland kjem opprinneleg frå Dale i Sunnfjord. Han har tidlegare blitt kåra til “årets kjøkkensjef” i Noreg og var på kokkelandslaget i fem år der han mellom anna var med på å vinne verdscupen i kokkekunst. I dag jobbar han som kjøkkensjef for Arne Brimi på Vianvang.
Det er ei stor glede å invitere han heim til Sunnfjord for å utforske vår matkultur og råvarene herifrå, i utforminga av ei smaksreise i seks rettar i sesong, saman med våre eigne bønder, fiskarar og jegerar.
Meny
1 · Tartar av rakefisk frå Jølster
Raudbetepuré og puffa byggryn
2 · Spekepølser på jordskokkpuré
Urteolje, sylta grønsaker og sprø jordskokk
3 · Sjøkrepssuppe
Bakverk med sjøkreps
4 · Dampa torskerygg
Smørsaus med fermentert sitron og lokale grønsaker
5 · Rosasteikt hjort
Pære trekt i tyttebær, madeirasjysaus, sopp og mandelpotetkrem
6 · Mjølk- og yoghurtpudding
Formkake med eplesirup og eplesalat
Dato: Laurdag 7. november 2026
Tid: Kl. 19.00
Stad: Restaurant Kraftverket på Jølstraholmen